No er me i gang ... igjen
Pie Jesu med solistene Espen og Eilen
Når 'Det kimer nå til julefest' runger i Oltedal kyrkje, veit alle i Gjesdal Brass Band at no me er i gang ... igjen, med korpset sin 5. julekonsertturne!! I eit noko ufyseleg vær var ca 50 forventningsfulle tilhøyrarar på plass i kyrkja for å høyra korpset sin tradisjonelle julekonsert.
Etter ein frisk opning med 'Fanfare and Carol', følgde ein like nydeleg 'Pie Jesu' - framført av to av GBBs eminente kornettistar: Espen Rønnevik og Eilen Refvik. Som tidlegare år har Gjesdal Brass Band alltid med ulike lokale sang- og musikkrefter på sin julekonsertturne, så også i år. Gjester med korpset i år er mannskoret 8-eren og sangsolisten Marianne Mæland Rettedal. Desse slapp no til med 6 A cappella-songar - alle leia av sin musikalske leiar Per Sigmund Rettedal. Med sitt klangrom er Oltedal kyrkje godt eigna for mannskorsang. Korpset avslutta så første avdeling med den mektige 'The Lost Chord'.
Pausane på GBBs julekonserter er også litt spesielle: her får ein nemleg servert gratis pepparkaker, klementiner, brus, kaffi og gløgg!
Etter pause serverte korpset igjen fleire friske og kjende musikkstykke: f.eks 'Share My Yoke' med solist Åse Hetland på flugelhorn, eller 'Snowman' frå filmen med same namn - alt stødig leia av korpset sin faste musikalske leiar Jonas Skartveit Rogne. Sangsolisten Marianne fekk også vist seg fram i 'Den hellige stad' og 'Panis Angelicus'. Som seg hør og bør, blei konserten avslutta med 'Deilig er jorden' framført av Marianne åleine på 1. vers, Marianne + 8-eren + messingkvartett på 2. vers før fullt korps og eit høgtidsstemt publikum tok del i ein Finale Grande på siste vers. Konferansier Else Ørstavik Hollund var sikker på at alle no var komen i den rette julestemninga!
Neste konsert på turneen er i Frøyland og Orstad kirke søndag 11. des.
Sist oppdatert ( fredag 13. januar 2012 11:28 )

























