thumb_20100922_GBB_Helene_med_ny_tuba

Gjesdal Brass Band har i haust kjøpt ein ny ess-tuba. Vi meiner det no er på tide å sjekke statusen der i gården.

Hei, Tuborg York! Velkommen til Gjesdal Brass Band, kan vi få stille deg nokre spørsmål?
- Ja, det går greit.

Kor blei du født?
- Eg veit ikkje heilt kor eg blei født. Blei adoptert, og det er ingen som veit kor eg eigentleg kjem frå. Adopsjonsbyrået trur eg heitte Brass Service. Dei blei sikkert brukt fordi Gjesdal er eit såkalt brassband.

Korleis havna du heime hos Helene?
- Det var Gjesdal som adopterte meg. Men eg er jo ikkje voksen ennå, så eg kunne ikkje stå i kapellet heilt aleine utan barnevakt. Eg fekk beskjed om at det skulle koma ei kjekk jente inn i korpset som trengte ein tuba. Ho hadde spelt der før, og skulle nå koma tilbake etter eit år på folkehøgskule. Eg gleda meg veldig til å bi tatt ibruk med ein gong Smiler

Fortell om ditt første møte med Helene.
- Det var veldig spennende :) Eg stod ute i gangen og venta på ho. Hadde stått der ei god stund å venta. Eg hugsar ennå følelsen eg hadde når eg høyrte stemmar uttafor kassen som snakka om meg. Så blei kassen opna, og der stod ho Kyss Ho jubla av glede, og eg viste då at eg kom til å bli tatt godt vare på, og elska over alt på jord.

20100922_GBB_TuborgYorkSå hadde du din første øving saman med Helene i Gjesdal Brass Band. Korleis var det?
- Sinnsykt kult Ler Det var så kjekt å endeleg få bli spelt på. Eg har venta på det øyeblikket leeeeenge. Det var litt ubehagelig og, for Helene satt og drog i bøylane mine heile veien, men eg forstår godt at ho gjorde det. Eg er jo så ny og uerfaren, at eg trong litt hjelp til å bli stemt skikkeleg.

Korleis var det å komme som ny tuba til GBB? Følte du deg einsam?
- Neida, det er ikkje ensomt i det heile tatt. Var litt vanskeleg å koma inn i det i begynnelsen, men det gjekk fort over. Alle var snille og tok godt imot meg. Og så hadde eg to kjekke storebrødre til høgre for meg på rekka! To B-York-tubaer som blei spela på av to raringar som heiter Endre og Svein Even.

Du har jo ikkje hatt så langt liv enda, men har du rukke å oppleva noko meir spennande enn øvingar med GBB? Fortel oss litt om det!
- Eg var med på ein tur til Voss. Det var skulen til Helene som skulle opp der og ha om folkedans, og då fekk eg lov til å vera med. Eg fekk ikkje spelt så mykje, for Helene skulle vist dirigere, så eg satt for det meste på rommet aleine. Det blei heller ikkje så mykje øving heller, for Helene var for de meste ute og var sosial og blei kjent med dei andre folka på skulen. Det var heilt greit for min del, for eg viste at meg og Helene får god tid til å bli kjent.

Eg var óg med til Danmark, med GBB! Der traff eg på mange nye folk, blant anna Pernille og Joeb, to venner av Helene frå folkehøgskulen. Det var og veldig kjekt å få spela utekonsert. Det har eg aldri gjort før. Det var kjekt, men kaldt. Heldigvis hadde eg Helene med meg som varma meg Smiler

Du har jo også laga deg din eigen profil på facebook. Har det vært en suksess?
- Jada, har også laget meg ein profil på fuckbook med enda større suksess, haha! Blunk

Men alt er vel ikkje berre fryd og gammen? Du skreiv nyleg i statusen din på facebook at du alltid står i gangen og kjeder deg. Fortel litt meir om det.
- Meg og Helene bur saman med tre andre, og Helene har ikkje så lyst til å plage dei med tubaspeling. Ho har tenkt å øve på meg på skulen, men den siste veka har ho ikkje hatt nøklene til å koma seg inn, for ho gløymte jo veska si i Danmark. Men nå har ho fått den tilbake, så nå skal vi snart bort på skulen og øve Ler

Og så har du hatt litt trøbbel med førsteventilen?
- Ja, eg sleit litt med å få den opp, viss du skjønner.

Er problemene over nå?
- Jada, Helene pussa litt på den og så kom den opp til slutt!

Kva er dine fremtidsdrømmer da? På kort og lang sikt?
- Eg har ikkje så mange drømmer. Livet er som ein drøm akkurat no Tungen ut

Har du nokon avsluttande kommentarer, noko du vil seie til lesarane våre?
- Stå på, så skal vi nok vinne SIDDIS Kul

Og heilt til slutt, korleis fikk du det flotte navnet ditt, forresten?
- Fordi Helene pleier å fylle meg opp med Tuborg og drikke av meg etterpå. Og York siden eg er ein York tuba. Hihihi.

Ja a propos det, veit du at du snart får ein lillebror? Trine på bariton skal no få seg ein York bariton!
- Åååh, så gildt!

Tusen takk for intervjuet!

Sist oppdatert ( fredag 24. september 2010 16:31 )