thumb_GBB2010_Julekonsert1 

For 4. gong på lika mange år starta GBB sin julekonsert-turne i Oltedal kyrkje i går kveld, torsdag 9.  Ramma rundt var heilt perfekt: med minus 10/12 grader ute og eit flott snøteppe både på trea og på bakken!

Inne i kyrkja venta ca 90  forventningsfulle personar.  Konserten var lagt opp med ein fin miks av allsong, korpset åleine og song-solistar med klaver-komp.  Også korpset hadde fleire solistar frå eigne rekkjer – her imponerte kanskje korpsets ess-kornettist Espen Rønnevik mest med si framføring av ’La Califfa’.  ”Outstanding!” ville dei sagt i England ...  Song-solistane Øystein Gilje og Gerd Elin Birkeland imponerte også mange, herligt og leikent akkompagnert av jazzpianist Bodvar Weiss Tornes.  Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga kan berre ”go home” som konferansier Leif Reiestad slåande kommenterte.  I pausen serverte korpset gløgg, kaffi, brus, pepperkaker, twist og Cevita-clementiner (som visstnok er noko av det ypperste ein kan få av den sorten ..) – alt gratis!  For dei som ikkje fekk med seg konserten i går, er det nye konsertar søndag 12. i Frøyland og Orstad kirke eller i Ålgård Baptistkirke onsdag 15.

Sist oppdatert ( onsdag 15. desember 2010 09:20 )